LibreOffice 7.4 Hjelp
Bruk Vilkårsformatering til å definera områdebaserte vilkår som bestemmer kva cellestil som skal brukast på kvar celle i eit gjeve område basert på innhaldet. Den cellestilen som svarar til det første vilkåret som vert evaluert som Sann vert brukt. Cellestilar som er lagt til via vilkårsformatering overstyrer cellestilane som er sett inn manuelt ved å bruka Formateringslinja eller sidepanelet Stilar.
Du kan skriva inn fleire vilkår som spør etter celleverdiane eller resultata av formlar. Vilkåra vert vurderte frå første til siste. Viss vilkår 1 er sann ut frå gjeldande celleinnhald, vert den tilsvarande cellemalen brukt. Elles vert vilkår 2 brukt for å avgjera om den tilsvarande stilen skal brukast. Viss ingen av vilkåra samsvarar med celleinnhaldet, vert det ikkje gjort endringar i celleformatet.
Vilkårsformatering overskriv ikkje cellestilar og direkte formatering som vert sett inn manuelt. Dei vert verande lagra som celleeigenskapar og vert brukte når cella ikkje samsvarar med nokre av vilkåra, eller når du fjernar alle vilkårsformateringane.
For å kunna bruka vilkårsformatering, må autorekning vera slått på. Dette gjer du via Data → Rekn ut → Autorekning. (Du ser avmerkinga til venstre for kommandoen når autorekning er slått på).
Liste over vilkår definert for celleområdet. i den rekkjefølgja dei skal evaluerast. Du kan definera så mange vilkår som du ønskjer.
Auk prioriteringa for det valde vilkåret.
Mink prioriteringa for det valde vilkåret.
Vel i nedtrekkslista kva som skal styra vilkårsformateringa:
Viss du vel Alle celler, sjå forklaringane til fargeskala, datalinje eller ikonsamling nedanfor, avhengig av korleis resultatet av vilkårsformateringa skal visast.
Viss du vel Celleverdien er:
Vel eit vilkår i nedtrekkslista for formatet som skal brukast på dei markerte cellene og skriv inn verdien.
Framføre Bruk stilar vel du den ønskte stilen frå lista, eller vel Ny stil for å laga ein ny.
Trykk på knappen Legg til for å leggja til eit anna vilkår. Trykk på knappen Slett for å fjerna eit vilkår.
Celleområdet som skal omfattast av vilkårsformateringa vert sett i feltet Område. Klikk på knappen Forminsk for å forminska dialogvindauget. Klikk på knappen igjen for å opna dialogvindauget når området er vald.
Viss du vel Formelen er som ein referanse, skriv inn cellereferansen. Viss cellereferansen er ein verdi utanom null, er vilkåret oppfylt.
Om du vel Datoen er, sjå nedanfor for forklaring om datoar.
Dette er det same dialogvindauget som du får når du vel Alle celler i den første undermenyen under Vilkår. Når du brukar ein fargeskala på eit område, vert det brukt ein to- eller trefarga fargeovergang på området, avhengig av verdien i kvar celle. Eit typisk eksempel vil vera ein temperaturtabell der den nedre delen er blå, den øvre delen er raud og mellomområdet som ein fargeovergang mellom desse.
Du må velja dei to «ekstreme» fargane som indikerer utrekningsmetoden. Utrekninga av den fargen som vert brukt vert gjort i høve til Min - Maks - Persentil - Verdi - Prosent - Formel.
Min og Maks vert henta frå det aktuelle området og treng ikkje meir informasjon. Andre val krev ein verdi (persentil, verdi, prosent) eller ein cellereferanse eller formel (formel).
Du kan finna ei detaljert forklaring og eksempel på nettsidaHow to apply a Color Scale Conditional Formatting page i TDF-Wiki.
Innstillinga «Datalinje» fyller cella einsfarga eller med ein fargeovergang som svarar til talverdien i cella. Standard er blått for positivt og raudt for negativt.
Utrekninga av fyllingsarealet er basert på Min - Maks - Persentil - Verdi - Prosent - Formel.
Min og Maks vert henta frå det aktuelle området og treng ikkje meir informasjon. Andre val krev ein verdi (persentil, verdi, prosent) eller ein cellereferanse eller formel (formel).
Fleire innstillingar … opnar eit dialogvindauge der du kan:
endra fargar
endra plasseringa av den vassrette aksen inne i cella
største og minste lengd på linja i prosent
Det er ønskjeleg å plotta plasseringa av ein verdi relativt til ein terskelverdi. Symbolsettet vil vera til hjelp med dette ved å visa grenseverdiane og å velja symboltypen. Tilgjengelege symbolsett er:
3, 4 eller 5 piler
3, 4 eller 5 grå piler
3 flagg
3 - trafikklys 1 og 2 (to ulike utformingar)
3 - symbol (kvadrat, trekant, sirkel)
4 - sirklar frå raudt til svart
4 eller 5 rangeringar
5 - kvarte
Vilkåra for å visa kvart symbol kan spesifiserast relativt til ein verdi (Verdi), ein prosentdel av talet på verdiar i eit område (Prosent) som ein prosentdel av områdeverdiar (Persentil) eller formel (Formel).
Du kan finna ei detaljert forklaring og eksempel på nettsida How to use Icon Set Conditional Formatting page i TDF-Wiki.
Dette valet vil bruka ein datoavhengig stil som du vel i nedtrekksboksen: I dag - I går - I morgon - Liste 7 dagar - Denne veka - Sist veke.
Vel den ønskte stilen i lista framføre Legg til stilar og vel Ny stil for å laga ein ny stil.
Trykk på knappen Legg til for å leggja til eit anna vilkår. Trykk på knappen Slett for å fjerna eit vilkår.
Celleområdet som skal omfattast av vilkårsformateringa vert sett i feltet Område. Klikk på knappen Forminsk for å forminska dialogvindauget. Klikk på knappen igjen for å opna dialogvindauget når området er vald.
Dette dialogvindauget viser alle vilkårsformateringane som er definerte i reknearket.
Dialogvindauget Handsam vilkårsformatering vert opna. Her kan du leggja til, redigera eller fjerna ein eller fleire vilkårsformateringar.
Vilkårsformatering viser ei liste over dei vilkåra brukte i dei aktive vilkårsformateringane i det gjeldande reknearket. Berre dei første vilkåra for kvart celleområde vert viste sjølv om det er definert fleire vilkår for eit område.
Viss du har definert ei vilkårsformatering for eit celleområde og deretter prøver å definera ei ny vilkårsformatering for ein del av dette området, kjem det opp ei åtvaring der du må velja om du vil redigera den eksisterande formateringa for heile området eller du vil definera ei ny vilkårsformatering som overlappar det markerte området.