LibreOffice 7.3 Hjelp
Vel standardinnstillingar for ĂĄ visa objekt i tekstdokumentet og standardinnstillingar for vindaugselement.
Vel innstillingar som gjeld attgjeving av ytterkantar.
Viser hjelpelinjer rundt rammene når dei vert flytt. Du kan velja innstillinga Hjelpelinjer under flytting for å visa den nøyaktige plasseringa av objektet ved hjelp av linjalverdiane.
Vel kva element som skal visast i dokumentet.
Vel om grafikken og objekta skal visast på skjermen. Dersom desse elementa er gøymde, ser du tomme rammer som plasshaldarar.
Du kan også kontrollera biletvisinga gjennom knappen Bilete og diagram. Dersom eit tekstdokument er ope, finn du knappen på verktøylinja Verktøy.
Viss det ikkje er kryssa av for Bilete og objekt, vert ingen bilete lasta inn frå Internett. Bilete i ein tabell utan oppgjeven storleik kan føra til problem dersom det er brukt ein eldre HTML-standard på den aktuelle sida.
Vis tabellane i dokumentet.
Du kan visa tabellgrensene ved å høgreklikka på ein tabell og velja Tabellgrenser, eller velja Tabell → Tabellgrenser i eit Writer-dokument.
Vis teikningane og kontrollane i dokumentet.
Viser merknadar. Klikk pĂĄ ein merknad for ĂĄ redigera teksten. Bruk lokalmenyen i Navigator for lokalisera eller sletta ein merknad. Bruk lokalmenyen for merknaden for ĂĄ sletta denne merknaden eller alle merknadane til denne forfattaren.
Viser tekst som er gøymd med felta Vilkårstekst eller Gøymd tekst.
Vis avsnitt som inneheld eit gøymd avsnittsferlt field. Denne funksjonen gjer det same som menykommandoen .
Vel om rullefelt og linjalar skal visast.
Vis den vassrette linjalen. Vel mĂĄleeining i lista.
Vis den loddrette linjalen. Vel mĂĄleeining i lista.
Vel denne for ĂĄ slĂĄ pĂĄ mjuk siderulling. Rullefarten heng saman med omrĂĄdet og fargedjupna.
Juster den loddrette linjalen med den høgre kanten.
Viser knappar for disposisjonsfalding til venstre for disposisjonsoverskriftene.
Viser ogsĂĄ faldeknappane for undernivĂĄa til disposisjonen.
Set eininga for HTML-dokument.