LibreOffice 7.2 Hjelp
Uttrykk som ikkje høyrer til i dei andre køyretidskategoriane er omtalte her.
Overfører kontrollen med programmet til ein subrutine, ein funksjon eller ein prosedyre i eit Dynamisk lenkjebibliotek (DLL). Kva nøkkelord, type og talet på parametrar som er brukte, er avhengig av kva rutine som vert kalla opp.
Deklarerer og definerer ein subrutine i ei DLL-fil som du vil køyra frå LibreOffice Basic.
Løyser DLL-ar som vart lasta inn med Declare-uttrykket. Ein løyst DLL vert lasta inn automatisk viss ein av Dll-funksjonane vert kalla opp. Sjå også Declare.
Definerer ein subrutine som kan nyttast som eit uttrykk for å bestemma return-typen.
Evaluerer ei argumentliste som inneheld eit uttrykk og ein verdi. Funksjonen Switch returnerer ein verdi knytt til uttrykket som er sendt til denne funksjonen.
Set eit objekt som standardobjekt. Dersom det ikkje er definert eit anna objektnamn, vil alle eigenskapane og metodane referera til standardobjektet heilt til uttrykket End With er nådd.