LibreOffice 7.1 Hjelp
Lagar ein ny database, opnar ei databasefil eller koplar til ein eksisterande database.
Trykk her for å laga ein ny database. Dette valet brukar HSQL-databasemotoren med standardinnstillingane. Neste vindauge er det siste i vegvisaren.
Trykk her for å opna ei databasefil frå ei liste over tidlegare brukte filer eller frå eit dialogvindauge for å velja filer.
Vel ei databasefil som skal opnast frå lista over nylig brukte filer. Trykk «Fullfør» for å opna fila og avslutta vegvisaren.
Opnar eit dialogvindauge der du kan velja ei databasefil. Trykk «Opna» eller «OK» for å opna den valde fila og avslutta vegvisaren.
Trykk her for å oppretta eit databasedokument for ei eksisterande databasekopling.
Vel databasetypen for den eksisterande databasekoplinga.
Databasetypane Outlook, Evolution, KDE-adressebok og Seamonkey treng ikkje meir informasjon. For andre databasetypar inneheld vegvisaren fleire sider for å spesifisera den nødvendige informasjonen.
Den neste vegvisarsida er ei av desse sidene:
Set opp Microsoft Access- eller Microsoft Access 2007-kopling