Ofte brukte knappar

Avbryt

Lukkar du eit dialogvindauge med Avbryt, vert ingen av endringane du har gjort i han lagra.

FullfĂžr

Tar i bruk alle endringane og lukker vegvisaren.

VerktĂžylinjer

NĂ„r du klikkar pĂ„ pila ved sida av enkelte knappar opnar det seg ei verktĂžylinje. Du kan flytta ei verktĂžylinje ved Ă„ dra tittellinja til ein ny stad. NĂ„r du slepp museknappen, vert verktĂžylinja liggjande der du slapp henne. Dersom du legg verktĂžylinja inntil eit vindauge, festar ho seg til kanten. Du lukkar verktĂžylinja ved Ă„ trykkja pĂ„ symbolet Lukk vindauge. DĂ„ kan du henta ho fram att med Vis → VerktĂžylinjer → (namnet pĂ„ verktĂžylinja).

Rulleknapp

  1. I skjemakontrollane er ein rulleknapp ein eigenskap for eit talfelt, valutafelt, datofelt eller klokkeslettfelt. Dersom eigenskapen «Rulleknapp» er slÄtt pÄ, viser feltet eit par symbol med piler som peikar i motsett retning, anten vassrett eller loddrett.

  2. I Basic-IDE er ein rulleknapp namnet som vert brukt pÄ det numeriske feltet og dei to pilsymbola.

Du kan skriva ein talverdi i feltet ved sida av rulleknappen eller velja verdi med symbola Pil opp og Pil ned pÄ rulleknappen. Du kan ogsÄ trykkja tastane Pil opp og Pil ned for Ä auke eller minske verdien. Trykk Page up og Page down for Ä setja maksimums- eller minimumsverdien.

Viss feltet ved sida av rulleknappen er ein talverdi, kan du ogsÄ setja ei mÄleeining, for eksempel 1 cm eller 5 mm, 12 pt eller 2".

Gjer om

Om du klikkar deg fram gjennom dialogvindauget, vert denne knappen kalla Neste. PÄ siste sida har knappen namnet Gjer om. Omgjeringa vert dÄ gjort nÄr du trykkjer pÄ knappen.

Sprettoppmeny

Ein sprettoppmeny er ein lokal meny for eit objekt. Du opnar sprettoppmenyen til eit objekt ved Ä trykkja pÄ objketet med museknapp for Ä merkja det og sÄ . Nokre sprettoppmenyar kan verta opna sjÞlv om objektet ikkje er merkt. Du finn sprettoppmenyar overalt i LibreOffice.

Slett

Slettar elementet eller elementa etter stadfesting.

Slett

Slettar det valde elementet eller element utan Ă„ spĂžrja om stadfesting.

MÄl

Du kan bruka fleire ulike mÄleeiningar nÄr du skriv inn verdiar i felta. Standardeininga er centimeter. Viss du Þnskjer eit mellomrom pÄ nÞyaktig 1 cm, skriv du inn «1 cm». I andre samanhengar kan andre mÄleeiningar brukast, som for eksempel «12 pt» for 12 punkts avstand. Viss du skriv inn ein heilt urealistisk verdi, vil programmet bruka ein fÞrevald stÞrste eller minste verdi i staden.

Lukk

Lukkar dialogvindauget og lagrar alle endringane.

Lukk

Lukkar dialogvindauget.

Bruk

Tar i bruk dei endra eller valde verdiane utan Ă„ lukka dialogvindauget.

Dette valet er berre synleg for avsnittsstil, rammestil og sidestil.

Dette valet er synleg berre for avsnittsstil og teiknstil.

Krymp / Maksimer

Trykk pÄ Forminsk-knappen for Ä gjera dialogvindauget like lite som skrivefeltet. PÄ den mÄten er det lettare Ä merkja av omrÄdet i arket. Knappen vert etter dette automatisk endra til ein Maksimer-knapp. Denne kan brukast til Ä gjenoppretta storleiken til dialogvindauget.

Dialogvindauget vert automatisk minimert nÄr du klikkar med musa i eit rekneark. SÄ snart du slepp museknappen, vert dialogvindauget gjenoppretta. Det referanseomrÄdet du valde med musa er dÄ vist med blÄ ramme i dokumentet.

Ikon

Krymp

Ikon

Maksimer

FĂžrehandsvis felt

Viser ei fĂžrehandsvising av det gjeldande utvalet.

FĂžrehandsvising

Viser ei fĂžrehandsvising av det gjeldande utvalet.

Neste

Trykk Neste. DÄ vil vegvisaren bruka gjeldande innstillingar og gÄr vidare til neste steg. PÄ det siste steget vert denne knappen endra til Lag.

Dialogknappar

Tilbakestill

Set dei endra verdiane tilbake til dei fĂžrre verdiane i fana.

Avbryt

Lukker dialogvindauget og avbryt alle endringar.

OK

Lagrar alle endringane og lukker dialogvindauget.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var dÄ dialogvindauget vart opna.

Tilbakestill

Still tilbake endringar som er gjorde pÄ denne fana til slik dei var fÞr ho vart opna. Du vert ikkje spurd fÞr tilbakestillinga.

Standard

Still dei verdiane som er synlege i dialogvindauget tilbake til standfardverdiane.

warning

Det vert ikkje spurd om stadfesting fĂžr standardinnstillingane vert lesne inn.


Tilbake

Vis vala du gjorde i dialogvindauget i det fÞrre steget. Innstillingane pÄ dette steget vert ikkje endra. Denne knappen kan berre brukast frÄ og med side to.

Val

Trykk Meir-knappen for Ä utvida dialogvindauget til Ä visa fleire alternativ. Trykk igjen for Ä fÄ tilbake det opphavlege dialogvindauget.

SjĂ„ ĂČg desse funksjonane:

SĂžkinga har stĂžtte fpr jokerteikn eller regulĂŠre uttrykk. Med regulĂŠre uttrykk slĂ„tt pĂ„, kan du for eksempel skriva inn «all» for Ă„ finna den fĂžrste staden som byrjar med «all» med kva teikn som helst etter denne. Viss du skal sĂžkja etter ein tekst som ogsĂ„ er eit regulĂŠrt uttrykk, mĂ„ du skriva bakoverstrek (\) framfĂžre kvart teikn eller du mĂ„ lukka inn teksten mellom «\Q» og «\E». Du kan slĂ„ den automatiske evalueringa av jokerteikn og regulĂŠre uttrykk av eller pĂ„ frĂ„ i → LibreOffice Calc → Rekn ut.

warning

NÄr du brukar funksjonar der eitt eller fleire argument er sÞkjekriterium som representerer eit regulÊrt uttrykk, vert det fÞrst prÞvd Ä konvertera strengkriteria til tal. For eksempel vert «.0» konvertert til 0.0 og sÄ vidare. Viss dette gÄr bra, vil treffet ikkje vera eit vanleg uttrykk, men eit numerisk treff. NÄr du brukar eit sprÄk som ikkje brukar punktum som desimalskiljeteikn, som i norsk, vil konverteringa av regulÊre uttrykk fungera. For Ä tvinga evalueringa av det regulÊre uttrykket i staden for eit numerisk uttrykk, bruk eit uttrykk som ikkje kan feiltolkast som numerisk, for eksempel «. [0]» eller «". \ 0» eller «(? I) .0».


Dersom det oppstÄr ein feil, vil funksjonen returnera ein logisk eller numerisk verdi.

(Denne kommandoen finn du berre i sprettoppmenyen.)

Med dobbeltklikk kan du bruka eit verktÞy til fleire oppgÄver. Dersom du berre klikkar éin gong, gÄr verktÞyet tilbake til den fÞrre oppgÄva etter at denne er ferdig.

Du kan trykkja Shift + F1 og peika pÄ ein kontroll for Ä finna ut meir om denne kontrollen.

Knappane i dialogvindauge for innstillingar

OK

Lagra endringane gjort pÄ sida og lukk dialogvindauget for innstillingar.

Avbryt

Lukkar dialogvindauget for innstillingar og kasser alle endringane.

Bruk

Brukar dei endra eller merkte verdiane utan Ă„ lukka dialogvindauget for val.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var dÄ dialogvindauget vart opna.

warning

Nokre av vala kan ikkje tilbakestillast nÄr dei fÞrst er sett. Skriv inn det opphavlege valet manuelt eller trykk Avbryt og opna dialogvindauget pÄ nytt.