LibreOffice 7.2 Hjelp
Returnerer ein vald verdi frå ei liste med argument.
Choose (Indeks, Val1[, Val2, ... [,Val_n]])
Indeks: Eit taluttrykk som spesifiserer verdien som skal returnerast.
Val1: Eit uttrykk som inneheld eitt av dei moglege vala.
Choose-funksjonen returnerer ein verdi frå ei liste med uttrykk basert på indeksverdien. Viss Indeks = 1, vil funksjonen returnera det første uttrykket i lista, viss Indeks = 2 vert det neste uttrykket returnert og så vidare.
Viss indeksverdien er mindre enn 1 eller større enn talet på uttrykk i lista, returnerer funksjonen Null.
I eksempelet vert Choose-funksjonen brukt for å velja ein streng av fleire strengar for å laga ein meny:
Sub ExampleChoose
Dim sReturn As String
sReturn = ChooseMenu(2)
Print sReturn
End Sub
Function ChooseMenu(Index As Integer)
ChooseMenu = Choose(Indeks, "Snarformat", "Lagreformat", "Systemformat")
End Function