Rediger
Funksjonane i denne menyen kan du bruka for å redigera Draw-teikningar (for eksempel klipp og lim).
Angrar den siste kommandoen eller oppføringa du skreiv inn. For å velja kommandoen du vil angra, trykkjer du på pila ved angra-knappen på standardlinja.
Gjer om handlinga duangra sist. Trykk på pila rett ved Gjer om-knappen på standardlinja for å velja angra-steget du vil gjera om att.
Fjernar og kopierer utvalet til utklippstavla.
Kopierer utvalet til utklippstavla.
Set innhaldet frå utklippstavla inn ved skrivemerket og byter ut vald tekst eller objekt. Trykk på pila ved sida av knappen for å velja format.
Set innhaldet i utklippstavla inn i den gjeldande fila i eit format som du kan velja sjølv.
Merk alt innhaldet i fila, ramma eller tekstobjektet.
Finn eller erstattar tekst eller formaterer dokumentet.
Her kan du redigera punkta i teikninga.
Her kan du redigera festepunkta på teikninga.
Lag ein eller fleire kopiar av det valde objektet.
Lag figurar og fordel dei jamt mellom to teikneobjekt.
Endra eigenskapane til eit innsett felt.
Slett det gjeldande lysbiletet eller sida.
Let deg redigera eigenskapane til kvar lenkje i dokumentet, også stien til kjeldefila. Denne kommandoen er ikkje tilgjengeleg dersom dokumentet ikkje inneheld lenkjer til andre filer.
Let deg redigera eit merkt objekt som du har sett inn i fila med kommandoen .
Opnar eit dialogvindauge der du kan laga og redigera hyperlenkjer.