LibreOffice 7.1 Hjelp
Skriv inn innstillingane for den valde stilen.
Viser namnet på dei valde stilane. Skriv inn eit namn på stilen viss du lagar eller endrar på ein tilpassa stil. Du kan ikkje endra namn på stilane som er førehandsdefinerte av programmet.
Updates the style when you apply direct formatting to a paragraph using this style in your document. The formatting of all paragraphs using this style is automatically updated.
Vel ein eksisterande stil som du vil skal følgja etter den gjeldande stilen i dokumentet. For avsnittstilar vert den neste stilen brukt på avsnittet du lagar ved å trykkja «Enter». For sidestilar vert den neste stilen gjeldande når ei ny side vert laga.
Vel ein stil som finst frå før (eller - Ingen -) for å bruka definisjonane i gjeldande stil. Bruk dei andre fanene for å endra den arva stilen.
Rediger eigenskapane for den overordna stilen.
Viser kategorien til stilen. Vel «Eigendefinert stil» frå lista viss du lagar eller endrar ein ny stil.
Du kan ikkje endra kategorien til ein førehandsgjeven stil.
Skildrar formateringa som er brukt i stilen.