Organisering
Skriv inn innstillingane for den valde stilen.
Namn
Viser namnet på dei valde stilane. Skriv inn eit namn på stilen viss du lagar eller endrar på ein tilpassa stil. Du kan ikkje endra namn på stilane som er førehandsdefinerte av programmet.
Automatisk oppdatering
Oppdaterer stilen når du bruker direkte formatering på alle avsnitta som nyttar denne stilen i dokumentet. Formateringa av alle avsnitt som nyttar denne stilen vert automatisk oppdatert.
Neste stil
Vel ein eksisterande stil som du vil skal følgja etter den gjeldande stilen i dokumentet. For avsnittstilar vert den neste stilen brukt på avsnittet du lagar ved å trykkja «Enter». For sidestilar vert den neste stilen gjeldande når ei ny side vert laga.
Arva frå
Vel ein stil som finst frå før (eller - Ingen -) for å bruka definisjonane i gjeldande stil. Bruk dei andre fanene for å endra den arva stilen.
Rediger stil
Rediger eigenskapane for den overordna stilen.
Kategori
Viser kategorien til stilen. Vel «Eigendefinert stil» frå lista viss du lagar eller endrar ein ny stil.
Du kan ikkje endra kategorien til ein førehandsgjeven stil.
Inneheld
Skildrar formateringa som er brukt i stilen.