Generelt
Set dei generelle innstillingane for eksport til ei PDF-fil. Det kan vera område, bilete, vassmerke, skjema eller andre ting.
Område
Set eksportinnstillingane for sidene som er tatt med i PDF-fila.
Alle
Eksporterer alle definerte utskrivingsområda. Er ingen utskrivingsområde definert, vert heile dokumentet eksportert.
Sider
Eksporterer dei sidene du har skrive inn i innskrivingsfeltet.
For å eksportera fleire samanhengande sider, bruk formatet 3-6. Bruk formatet 7;9;11 for å eksportera fleire einskilde sider. Du kan også kombinera desse formata, for eksempel 3-6;8;10;12.
Utval
Eksporterer .det gjeldande utvalet.
Vis PDF etter eksport
Opnar den eksporterte PDF-fila i programmet som er sett opp for lesing av PDF-filer.
Bilete
Set opp vala for eksport av bilete innebygd i dokumentet.
EPS-bilete med innebygd førehandsvising vert eksporterte dom førehandsvisingar. EPS-bilete utan innebygd førehandsvising vert eksporterte som tomme plasshaldarar.
Tapsfri komprimering
Gjer at komprimeringa vert gjort utan tap av pikslar.
JPEG-komprimering
Vel ei JPEG-komprimering av bilete. Med høgt kvalitetsnivå vert nesten alle pikslane uendra. Med eit lågt kvalitetsnivå forsvinn nokre av pikslane eller biletet kan verta endra på andre måtar. Filstorleiken vert redusert.
Kvalitet
Skriv inn kvalitetsnivået for JPEG- komprimeringa.
Reduser biletoppløysinga
Her vel du ein verdi for å bygge opp ein ny versjon av biletet med færre pikslar per tomme.
Vel kva oppløysing som skal brukast for biletet.
Vassmerke
Legg til ein loddrett midtstilt lysegrøn tekst som vassmerke på sidebakgrunnen. Vassmerket er ikkje ein del av kjeldedokumentet.
Signatur med vassmerke
Merk av for å gjera vassmerket tilgjengeleg.
Tekst
Skriv inn teksten for vassmerkesignaturen.
Du kan ikkje endra plasseringa, retninga eller storeliken på vassmerket. Vassmerket vert ikkje lagra i originaldokumentet.
Generelt
Set dei generelle vala for PDF-eksport.
Hybrid PDF (innebygd ODF-fil)
Dette valet gjer at du kan eksportera dokumentet som ei pdf-fil som inneheld to filformat: PDF og ODF. I eit program for vising av PDF vert fila handsama som ei vanleg PDF-fil, men kan redigerast i LibreOffice.
Arkiv (PDF/A ISO 19005)
Omformar til PDF/A-2b- eller PDF/A-1b-format. Dette er definert som eit elektronisk filformat for dokument som skal bevarast på lang sikt. Alle skrifttypar som er brukte i kjeldedokumentet vert bygd inn i den genererte PDF-fila. Det vert lagt til PDF-kodar.
Tagga PDF (legg til dokumentstruktur)
Vel å skriva PDF-taggar. Dette kan gjera fila mykje større.
Tagga PDF inneheld informasjon om strukturen i innhaldet i dokumentet. Dette kan vera til hjelp når dokumentet vert vist på utstyr med ulike skjermar og når du brukar program for skjermlesing.
Lag PDF-skjema
Vel å laga PDF-skjema. Dett kan fyllast ut og skrivast ut av brukaren av PDF-dokumentet.
Format for sending
Vel formatet for å senda skjema frå PDF-fila.
Vel formatet på dataane du vil motta frå sendaren: FDF («Forms Data Format»), PDF, HTML eller XML.
Denne innstillinga overstyrer URL-eigenskapane for kontrollelementa som du har sett i dokumentet.
Tillat dupliserte feltnamn
Let deg bruka det same feltnamnet for fleire felt i den genererte PDF-fila. Viss denne er slått av, vert feltnamn eksporterte ved å bruka genererte, unike namn.
Eksportera bokmerke
Vel å eksportera bokmerke i Writer-dokument som PDF-bokmerke. Bokmerke vert laga for alle overskriftene ( ) og for alle elementa i innhaldslista der kjeldedokumentet inneheld lenkjer .
Eksportera plasshaldarar
Eksporterer berre den visuelle markeringa for plasshaldaren. Sjølve plasshaldaren verkar ikkje.
Merknadar som PDF-notat
Vel denne om du vil eksportera merknadar i Writer- og Calc-dokument som PDF-notat.
Du kan eksportera merknadar frå Writer-dokument slik dei vert viste i LibreOffice ved å velja og merkja av for I margane i feltet Merknadar. Den eksporterte sida vert forminska slik at det vert plass til merknadane i margane.
Eksportera notatsider
Eksporterer også notatsidene til slutten av det eksporterte PDF-presentasjonsdokumentet.
Eksporter berre notatsidene
Eksporterer berre visinga av notatsidene.
Full sheet previews
Eksporterer eitt ark for kvar side.
Eksporter automatisk innsette blanke sider
Viss dette er slått på, vert automatisk innsette tomme sider skrivne ut. Dette er det beste viss du skriv ut på begge sider av arka. For eksempel er ein avsnittsstil for kapittel i ei bok sett til alltid å byrja med ei oddetalsside. Dersom det førre kapittelet sluttar på ei oddetalsside, set LibreOffice inn ei tom partalsside. Dette valet bestemmer om denne partalssida skal skrivast ut eller ikkje.
Bruk XObject-referansar
Dette valet påverkar korleis PDF-bilete vert eksporterte tilbake til PDF. Når dette valet er kopla frå, vert den første sida med PDF-data teke med i utdataane. PDF-eksporten flettar dei brukte bileta, skrifttypar og anna som måtte høyra med under eksporten. Dette er ein kompleks operasjon, men resultatet kan visast i ulike lesarar. Når dette valet er slått på, vert markeringsspråket XObject brukt. Dette er ein enkel operasjon, men leseprogramma må ha støtte for dette markeringsspråket for å visa vektorbilete. Utan slik støtte vert bileta viste som punktbilete.