LibreOffice Basic-makroar
Opnar eit dialogvindauge der du kan organisera makroar.
Makronamn
Viser namnet på den nye makroen. Skriv inn eit namn her for å oppretta eller endra namnet på makroen.
Makro frå / Lagre makro i
Listar opp bibliotek og modular du kan bruka til å opna eller lagra makroar. For å lagra ein makro med eit bestemt dokument, opnar du først dokumentet for deretter denne menyen.
Køyr / Lagre
Køyrer eller lagrar den gjeldande makroen.
Tildel
Opnar den tilpassa dialogen der du kan leggja den valde makroen inn i ein menykommando, ei verktøylinje eller ei hending.
Rediger
Startar LibreOffice Basic-redigeraren og opnar den valde makroen eller dialogvindauget for redigering.
Ny/slett
Opprettar ein ny makro eller ein ny modul, eller slettar den valde makroen eller modulen.
For å lage ein ny makro, vel modulen «Standard» i lista Makro frå og vel så .
Du lagar ein ny modul i biblioteket for Mine makroar ved å velja det ønskte biblioteket og trykkja . Redigeringsvindauget for LibreOffice Basic vert opna.
Du slettar ein makro eller ein modul ved å merkja han og trykkja
.Nytt bibliotek
Lagrar den opptekne makroen i eit nytt bibliotek.
Ny modul
Lagrar den opptekne makroen i ein ny modul.
Organiser
Opnar menyen for Organisering av makroar der du kan leggja til, redigera eller sletta makro-modular, dialogvindauge og bibliotek.